søndag 23. november 2008

Kjære borgarar!

Denne veka hart vi altså hatt fellesprosjekt her på skulen. Vår kjære lærar Ulf hadde laga ei tidsmaskin som førte oss 140 år tilbake i tid. Vi inntok Sagagrend i året 1868. Her vart vi raskt fordelt i 9 ulike klasser; Embetsmenn, storbønder, fiskarar, handverkarar, husfolk, akademikarar, skogsarbeidarar osv.

Fiskarane

Eg var då altså i den sistnemnte klassa, nemlig skogsarbeidar. Første dagen gjekk med på at gruppa skulle lage og finne seg klede som karakteriserte si klasse, lage ein sang og eit våpenskjold. Prosjektet føregjekk kvar dag frå og emd morgonsamlin til middag, og innanfor denne tida var det reglar som måtte følgast. All bruk av mobil-telefon, internett og andre elektriske dippeduttar var heilt forbudt! Brot på lova førte til bading i myrholet. Noko som såg heilt grusomt ut for dei som måtte ned i...( Les:Lite badebasseng fylt med vatn som var ganske så frose og fullt av blad og grums)

- Tysdagen var vi skogsarbeidarar ute i skogen og hogde mange tre, kvista dei og saga opp i passelege bitar. Vekeoppdraget vårt var nemleg å lage ei scene som stiftsmannen skulle halde tale i frå på fredagen. Denne scena skulle det brukast lafte-teknikk på. På kvelden hadde vi obligatorisk dansekurs der vi lærte folkedans:p
- Onsdag tok vi fatt på bygging av scena og eit nytt dagsoppdrag var å lage utstyr til å fløte tømmer med. I tillegg fekk vi beskjed om å kjøpe inn mat som var skikkeleg tømmerhoggerkost til neste dag.
- Torsdag fekk alle først litt undervisning i latin av akademikarane, før vi skogsarbeidarar prøvde vi å fløte tømmer ned gjennom Bø-elva, ganske så vanskelig p.g.a lite straum i elva...
- Fredag før lunsj var det finpussing på scena og hogging av ved som stod på programmet. Ein byllepedemi braut også ut, der dei smitta måtte ha på seg ein sekk med vekter oppi og male ein b i panna. Etter lunsj hadde soldatane laga ei hinderløype for oss, som forøvrig vi skogsarbeidarar vant. På kvelden hadde vi låvefest med dans, underholdning, heimelaga øl(lettøl) og musikk.

Embetsfolket

I løpet av heile veka vart det laga utruleg mykje kult! For det første var kostyma til folk heilt geniale og mange levde seg veldig inn i rollene! Handverkarane hadde laga ein karusell, arbeidarane ei heisekran, akademikarane lagde eit fotoapparat, embestmennene lagde badstu og handelsmennene lagde ei handelsbod der vi kunne få kjøpe slikkerier som brente mandla, marsipan, drops og risbolla. Kvar gruppe fekk kvar dag utdelt litt pengar å handle for ut i frå kor høgt oppe dei var på rangstigen. Denne veka var utruleg morosam, men det var heilt klart deilig å få av seg skogsarbeidarkleda og kome seg tilbake til Sagavoll 2008...

Fleire bilete kjem;) Glad i dokke, og eg skal sikkert helse så mykje frå Kamilla.

2 kommentarer:

SOL sa...

So artig ;) e kjekt når d sjer litt annaleis ting, vi hadde mafia-veke for noken veke sia, kjempegøy :)
Trist me hunden din forresten!
Gler mej til å sjå dej i jula :)

Annabanana sa...

høyres kjømpe arti ut, gler mej til å sjå fleire bilde å til ej ser dej til jul:)