tirsdag 31. mars 2009

VOOOMP









At seks dagar kunne gå så fort hadde Veileder aldri forestilt seg, då dei la ut for å utforske Lyngslalpane.

All snøen som dompa ned den første dagen førte til ultimate pudderforhold resten av veka. Vi tilbrakte dagane med aktivitetar i skogen, skredvurdering, bretur og sjukt og sjukt med skikjøring. Lyngsdalen var som ein gigantisk leikeplass, men likevel ikkje heilt ufarleg. Skredfaren var stor enkelte stadar og det vompa under føtene medan vi gjekk.

Dei super spreke Veiledarane besteig både Daltind 1534 moh og Pollfjellet 1213 moh i strålande sol. Ned frå Daltind fekk vi 1300 høgdemeter med skikjøring rett ned, shitt ass!

Vestbreen låg innerst i dalen som eit stort uutforska eventyr. Vi brukte ein dag på forville oss inn i alle dei store og små sprekkene. Tilslutt klarte vi å finne vegen opp på breplatået. På heimvegen fekk vi også moglegheit til å rappelere med ski på ryggen. Dette var sers spanande.

Teltlivet var herlig. Vi hadde til og med utedo med isoporring. Kveldane blei brukt til kosefyring og hyggelege stunder rundt bålet under den klare stjernehimmelen.

Siste dagen blei brukt på å forbetre det allereie tilstadeverande brilleskillet. Vi låg berre å ”slakka” i soveposen på isen før vi pakka leiren. Lyngsalpane er absolutt verdt å oppleve!

”Dont stop me know, I’am having such a good time, I’am having a ball!”

PS: Vår kjempe kjekke unge hjelpelærarar Rake er også verdt å oppleve;)

3 kommentarer:

Odapoda sa...

Ditta her e artikkelen oss skreiv på øytun si nettside for lyngenturen vår=)
Tenkte kanskje dokke me va intrisert i å lese den, so ej berre slengte den ut her mæ;)

gla i dokke!!

Rakel sa...

Konge Oda!! Ej me vil=)

Rebekka sa...

WOW! Ditta virka ekstremt spennande! Lucky you! :P Kos dej vidare Oda!